Tilbake
Foto: Aschehoug
Skriv ut

Kvinner i krig V21

UNGDOMMENS VAL!

Representantane i Vestland Ungdomsutval har fått velje 6 produksjonar til grunnskulen og den vidaregåande skulen for skuleåret 2020/21, og "Kvinner i krig" er ein av desse!

​​​​​​​

Historikar og forfattar Mari Jonassen fortel frå boka «Kvinner i kamp», og inviterer elevane til ein diskusjon kring kjeldehandsaming.

Trudde du det berre var tyske soldatar som vart drepne då Blücher vart skoten i senk 9. april 1940? Trudde du det berre var menn som dreiv våpentrening, hjelpte flyktningar over til England og Sverige, spionerte på tyskarane og blei arresterte og torturerte? Sjølvsagt trudde du ikkje det. Men har du lest i skulebøkene om ei av dei rundt tusen kvinnene som gjekk inn i kampen for eit fritt og demokratisk Norge, då Hitler og Tyskland okkuperte landet?

I den første økta vil Mari Jonassen trekke fram eksempel på kvinnene som deltok og vise fram det store, og til no ukjende omfanget av deira innsats under krigen. 

I den andre økta diskuterer vi kva vi gjer når kjeldene er mangelfulle, og sekundærlitteraturen fortel to forskjellige historier. Kvifor vert kvinnene ofte gløymde eller ignorerte når historia handlar om krig? Er det fordi ein i eit biologisk kjønnsperspektiv ikkje kan sjå føre seg at kvinner kan vere med i noko så aggressivt som krig? Eller er det fordi det ofte er menn som skriv om krig? 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Mari Jonassen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Mari Jonassen er historikar og forfattar og har skrive fleire sakprosabøker om andre verdskrig. Hausten 2020 kjem ho ut med boka "Kvinner i krig", som skal ta for seg heile historia om innsatsen til dei norske kvinnene frå invasjonen i 1939 til freden i 1945.