Tilbake
Skriv ut

Fighting Gravity - V21

Fighting Gravity tar utgangspunkt i kampen kvinnelege skihopparar har kjempa for å få dei same rettane som dei mannlege kollegaene. Tema for framsyninga er likestilling og likeverd, og kan vere ein god inngang til å snakke med elevane om skeiv balanse mellom kjønna.  Kvifor får ikkje kvinner sleppe til i dei største hoppbakkane i verda?


Fighting Gravity handlar om å følgje draumane sine, om å ha mot til å stå imot dei kreftene som bryt oss ned. Vi føl ”skihopparen” gjennom dei ulike fasene av eit skihopp, både som eit reelt hopp, men også som ein metafor for likestillingskampen. I tillegg til å møte sidevind og g-krefter på hoppkanten, møter ‘hopparen’ også  ”gubbeveldet”, ”tåkefyrsten” og eigne ”indre demonar”.


Utøvarane legg opp til ein kort samtale med elevane etter visninga.

Turnéperiode: ​​​​​​​Mars/april.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Produsent: Fighting Gravity er produsert av Åkken Bom Produksjon (Anders Borchgrevink) med  Brageteatret som co-produsent.

Om kunstnar / utøvar / gruppe