Tilbake
Skriv ut

Kunsten i Kvam - V21

“Odelsguten og fantefølge” er ein dokumentarfilm som fortel historia om korleis eit kunstverk sette ei lita bygd på hovudet. Ein mørk septemberkveld kom nokre mystiske kunstnarar til bygda Kvam og sette opp ein installasjon av ein stokk, ein stein og ein møkkspreiar. Ingen i bygda skjøna noko av dette. Var det kunst?

Og då lokalavisa skreiv kor mykje kunsten kosta, kom dei sinte reaksjonane: 400 000 kr for ein gammal, rusten møkkspreiar frå fyllinga!  Etter store protestar vart kunsten fjerna.

Nasjonale media skreiv om skandalen i Kvam, og bygda vart brått sett på kartet. Historia tok etterkvart uventa vendingar,  -   det vart stille att i Kvam, men var det eigentleg slik folk ville ha det…?


Regissør Merethe Offerdal Tveit vil vise filmen, fortelje om prosessen bak og snakke om tema som filmen tek opp; Dei evige og aktuelle spørsmåla rundt kunst og kunsten si rolle.  Kva er kunst? Treng vi kunst?  Kva var det med skulpturen som gjorde at innbyggarane i Kvam vart så sinte? Ein gammal, rusten møkkspreiar, ein stor stein og ein stokk - kva tankar og refleksjonar set dette i gang? Vil kunstnarane kritisere eller kommentere? Endrar kunstverket seg når vi får høyre kunstnarane snakke om det?

Offerdal Tveit vil også kunne knyte dette til andre kunstverk i andre bygder. Kanskje har staden eller bygda der skulen ligg eit liknande offentleg kunstverk?

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe