Tilbake
Skriv ut

Fun Factory - V21

Ein laurdag i eit norsk leikeland. Eit par blir vitne til ein krangel mellom to mødre og den daglege leiaren ved leikelandet. Paret spør seg om dei burde gripe inn. Dei er uenige – men når dei først grip inn, går det ikkje som dei hadde tenkt.


Samira, ei norsk-somalisk mor, klagar på servicen ved leikelandet då sonen hennar ved ein feil har kjøpt bacon-snacks. Ho forklarar at dei er muslimar, og kan såleis ikkje kan ete svin, men møter lite forståing då ho prøvar å få byte snacksen.

Regissør Even Hafnor vil vere til stade under visninga og ha ein samtale med elevane etterpå. Der kan elevane delta med eigne meiningar og erfaringar. Under samtalen kan ein kome inn på spørsmål som:

  • Kva vil det seie å vere norsk ?
  • Korleis tykkjer de at karakterane i filmen løyser "baconsnacks-konflikten"? Kva ville du sjølv ha gjort viss du kom opp i ein slik situasjon?
  • Er det rett av leikelandet å markere alle matprodukt som inneheld gluten, men ikkje markere mat som inneheld svin?

Et viktig mål med samtalen er at elevane skal få auka forståing, kunne sjå saker og situasjonar frå ulike perspektiv. Dette er viktig for elevane å ha med seg når dei i framtida skal samarbeide og løyse konfliktar.

Filmen tek opp eit vanskeleg tema, men kombinasjonen av humor og alvor gjer dette til ein film som er underhaldande samtidig som han oppfordrar til ettertanke.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe