Tilbake
Ole Kristiansen
Oda Aunan
Skriv ut

Awesomnia "Tar over di verd" - H19

- Eg har alltid stått opp for meg og mine. Eg har aldri heldt kjeft om mine meiningar. Det seier Maria "LOTUS" Karlsen, frontkvinne i hiphop-gruppa Awesomnia. Frontkvinne, seier du? I ei hiphop-gruppe? Jepp! Det er ikkje mange av dei, men LOTUS er definitivt ei.

- Aldri ver stille. Ver så snill, bruk stemma di, ikkje ver redd! seier ho, og det kan du høyre i musikken hennar også. Dette er hiphop med meining. Awesomnia består av beatboxer Beatur frå Island og Nick Hatch frå Australia på trommer. Saman skapar Awesomnia aggressiv, smooth og sjølvsikker hiphop med klåre innslag av både g-funk og dancehall.

Følg hjartet ditt og la aldri frykten stå i vegen for deg og dine draumar! Om du fell, må du reise deg opp att, og så vil du lykkast til slutt!

Awesomnia. - "Det ble en fantastisk konsert, publikumet var helt med. Det er en ting å ha et budskap, men å formidle det på en sånn dyktig måte er et annet! Det var topp!!" - Frøya Kulturskole

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Idé/ opplegg:
    • Produsent: David Chocron
    • Idé/opplegg:  David Chocron, i samarbeid med Awesomnia

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Awesomnia er eit hiphopband med rapparen "Lotus" (Maria Karlsen) i front. Hun rappar på engelsk, er ein skikkeleg god historieforteljar, og toppar det heile med slagkraftige poeng.

Bandet er ein minst like viktig del av musikken Awesomnia står for. Jazz, funk, rock og reggae er nokre av inspirasjonskjeldene til bandet, og medlemma har bakgrunn frå fleire ulike sjangrar.