Tilbake
Skriv ut

Distriktsmusikarane møter Øystein Wiik

Framsyninga Distriktsmusikarane møter Øystein Wiik er ein kombinasjon av musikk og litteratur. Me vil få oppleva Øystein Wiik både som songar, forfattar og opplesar. Som songar er han akkompagnert av distriktsmusikarane på Voss, og han vil syngja frå dei ulike musikalane som han har laga saman med Gisle Kverndokk. Både den aller siste musikalen "Rosens navn" (som faktisk endå ikkje har hatt premiere) og suksessen "Sofies Verden" vil vera representerte.

Som forfattar vil han lesa utdrag frå dei to kriminalromanane sine "Hvit panter" og "Casanovasyndromet". Også her vil han verta "akkompagnert" av Distriktsmusikarane, som spelar musikk som utdraga refererer til. Musikkuttrykka vil variera frå lett klassisk til folkemusikk og jazz.

Wiik vil dessutan fortelja litt om både skrivinga si og bøkene sine, og om musikalane som han har skrive teksten til.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Voss
  • I samarbeid med: Voss kulturskule

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Øystein Wiik (fødd 7. juli 1956 i Ås) er songar, skodespelar og kriminalforfattar. Han er utdanna ved Statens teaterhøgskole.

Han var tilsett ved Det Norske Teatret frå 1980. I 1988 gjorde han stor suksess som Jean Valjean i oppsetjinga av Victor Hugos Les Misérables, og dette førte til at han fekk spele same rolle på scener i Wien og London i 1989-1990. 
 To gonger har han delteke i norsk Melodi Grand Prix, ein gong saman med Jahn Teigen (under namnet «To tenorer»). I 1991 utgav han soloalbumet Too Many Mornings. Songs By Sondheim, og i 1993 kom albumet Stage.

Dei seinare åra har han skrive tekstar til musikalar, i samarbeid med komponisten Gisle Kverndokk og dramaturgen Inger Schjoldager. Dei har blant anna skrive ein musikal basert på Sofies verden av Jostein Gaarder, og dessutan Frendelaus, ei familieførestilling basert på den mest kjende romanen til Hector Malot.

Parhestane Wiik/Kverndokk har òg skrive operaen Jorden rundt på 80 dager. Operaen skulle vore den første førestillinga i det nye operabygget i Bjørvika, men vart av tekniske grunnar utsett. Han vart uroppført 21. mai 2010. Same året debuterte Wiik som kriminalforfattar med romanen Dødelig applaus som han vart nominert til Rivertonprisen for. Han har sidan skrive åtte kriminalromanar til.

Distriktsmusikarane på Voss har i år denne samansetjinga:

Stephan Frolov (fiolin) kjem frå Russland og har utdanninga si frå Norges Musikkhøgskole der han tok mastergraden i klassisk utøvande musikk i 2018. Han har spela med mellom anna European Chamber Music Academy og Oslo Filharmoniske orkester.

Kato Flem (piano) er utdanna ved Griegakademiet med mastergrad i utøvande musikk i 2014. Som frilansmusikar er han mykje nytta både som solist og akkompagnatør over heile Vestlandet.

Øystein Haga (fløyte) studerte både ved Bergen Musikkonservatorium og ved Conservatoire Berlioz i Paris, der han tok diplom i utøvande musikk i 1991. Han har seinare spela med både Opera Bergen og med Bergen Filharmoniske Orkester i tillegg til å vera ein mykje nytta frilansmusikar.