Tilbake
Skriv ut

Musea dansar

I 2019 går startskotet for «Museene danser Norge» - ei treårig vandreutstilling som skal innom 8 museum i heile Noreg. Fyrste stoppestad vert Voss folkemuseum med opning under Vossa jazz fredag 12. april! Saman med www.hardingfela.no inviterer museet elevane på 6. trinn til eit besøk i utstillinga.

Innhald:

Opplegget er todelt: Omvisar følgjer elevar gjennom utstillinga, dei får vite meir om dans både nasjonal og internasjonalt, dessutan prøva ut ulike digitale effektar. Del to vert leia av dansar og her får elevar læra seg ein eller to dansar. Ved store klassar vert elevane delt inn i to grupper.

Om utstillinga:

Innhaldet i vandreutstillinga Musea dansar: Voss vert ei «best of» utstilling basert på tre utstillingar: Dans i Norge frå Ringve Musikkmuseum, Livets dans frå Sverresborg Folkemuseum og Dains me mæ frå Rockheim. Dei mest mobile og nasjonalt interessante elementa vert med og dette er ei utstilling som inviterer publikum til å prøva seg sjølve. Utstillinga vert innhaldsrik og mangfaldig- alt frå passinho frå Brasil til strekkbuksepolka frå Noreg vert presentert. I tillegg vert det spreidd på med lokalt arkiv- og dansemateriale frå dansemiljø på Voss.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Voss