Tilbake
Skriv ut

HYSJ!

HYSJ følger dei to trommeslagarane Øyvind-lys og Øyvind-mørk gjennom eit døgn. Kvardagslege ting som å ete frokost, tørketrommelen i kjelleren, og å sjå på barne-TV, vert gjort om til musikalske begivenheter. Svært aktiv bruk og samspel med levande illustrasjonar (på lerret bak på scenen), bidreg til å viske ut skillet mellom det dagligdagse, og den fantastisk frie fantasien barn er i besittelse av.

HYSJ er komponert og regissert av to blad Øyvind, i samarbeid med illustratør Fredrik Rysjedal. Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde er to av dei mest aktive trommeslagarane i Noreg, med bakgrunn i band som Building Instrument, Erlend Apneseth Trio, Electric Eye og JUNIP (Hegg-Lunde), og 1982, Håkon Kornstad Tenor Battle og Bly de Blyant (Skarbø). Begge har motteke ei rekke prisar for arbeidet sitt. Som duo har dei jobba saman sidan 2001, og blant mykje anna gjort ei trioplate med Ståle Storløkken, samt ei rekke prosjekt for barn.

Fredrik Rysjedal ein av dei mest spennande kunstnarane i Noreg om dagen. Han held på å fullføre eit stipendiat ved Kunsthøgskolen i Bergen, der han gjer nybrottsarbeid om teikneseriar tilpassa skjerm.

Turneen er en del av Vestnorsk Jazzsenters turné-ordning, Den Musikalske Stamvegen. Framsyninga er i samarbeid med Vossa jazz.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Voss
  • Kunstnarar / grupper: Med: Øyvind Skarbø - trommer, vibrafon, vokal, gitar / Øyvind Hegg-Lunde - trommer, ukulele, vokal / Fredrik Rysjedal - illustrasjon og video / Hans-Olav Molde – lyddesign / Andreas Johansen – lysdesign