Tilbake
Morten Lindborg
Skriv ut

Kvervel - poesikonsert!

Sjangeroverskridande konsert som femnar om musikk, litteratur og media.


Poesi er eit språk som gjer at vi må lytte. Poesien står i dialog med og i kontrast til nyhendesråket, reklamespråket og debattspråket vi blir bombardert med dagleg. I poesien kjem vi nært noko vi kjenner at vi treng, noko vi ikkje heilt veit kva er, men som rører oss, vedkjem oss.

Kvervel er ein sjangeroverskridande konsert som femnar om musikk, litteratur og media. I konserten får vi presentert Karl Seglem sin poesi i kombinasjon med eigenkomponert og improvisert musikk, og eit visuelt uttrykk. Trioen vågar å utfordre publikum, og involvere dei konkret. Deira mål er å skape lyd, samklang, ord og bilete som kan opne opp noko nytt i kvar og ein. Både musikken og poesien som blir presentert er påverka av naturen og den urkrafta den innehar, og trioen formidlar den poetiske krafta i oss sjølve og naturen. Konserten opnar opp for å sanse poesien meir enn å forstå han. Musikarane inviterer elevar/lærarar til dialog gjennom lytting, samhandling og samskaping.

Forslag til førebuing/etterarbeid:
Skular som ønskjer det, kan få eit vidare omfang av tilbodet enn berre konsertopplevinga, gjennom eit samarbeid med utøvarane om utstrakt arbeid i førekant, m. a. diktskriving og konkret førebuing knytt opp mot norskfaget. Elevane sine dikt vil då bli vevd inn i konserten.

Tilleggstilbodet er under utarbeiding og ikkje ferdig produsert. Detaljert omtale vil kome seinare.


Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Karl Seglem, Lars Jakob Rudjord, Jonas Howden Sjøvaag, Knut Sævik

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Karl Seglem: Poesi, tenorsax, bukkehorn, elektronikk.
Lars Jacob Rudjord: Tangentinstrument, elektronikk.
Jonas Howden Sjøvaag: Trommer, perkusjon,.

Trioen har samarbeidd i mange samanhengar, og har tidlegare presentert Karl Seglem sin poesi i kombinasjon med eigenkomponert og improvisert musikk på festivalar i Noreg og utlandet, m. a. på Nattjazz og Festspillene i Bergen.