Tilbake
Skriv ut

Lær å spela ukulele

I løpet av tre økter på 60 min skal elevane læra å spela ukulele til kjente og enkle songar. Gjennom perioden på tre veker får dei kvar sin ukulele til heimlån og eit songhefte slik at dei kan øva heime. Målet med undervisninga er at elevane skal ha det kjekt med å meistra eit instrument og vera i stand til å utvikla seg vidare på eiga hand. Det vert øving på grepa C,F,Am,D,Dm og Bb og øving på samspel. Dei som får det til, syng også med. Me nyttar kjente songar på norsk og engelsk i eit hefte som elevane får behalda etter prosjektet. Det vert trening på rytmikk og å fylja enkle akkordskjema og vampar. 

Klassen avsluttar med ein liten huskonsert for andre elevar på skulen. 

Mål: Å læra dei viktigaste akkordane på ukulele, kunna lesa enkle akkordskjema med tekst, utvikla god rytmikk med høgrehanda og oppleva meistring med å læra å spela eit instrument i felleskkap med andre.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Voss
  • Kunstnarar / grupper: Olav Undeland