Tilbake
Dorella Rosi
Blue Note Records
Øyvind Toft
Arne Ristesund
Skriv ut

Univers av klang

Tre profilerte utøvarar kjem saman for å finne eit felles univers av klang. 

Sfærisk musikk. Musikk som gir ein lyst til å kikke på stjernene og undra seg over universet, kosmiske mysterium, galaksar og menneska sin plass i alt dette store. Eller lukka auga og finna sin eigen indre stjernehimmel.

Drøymemusikk, kosmisk musikk, meditativ musikk, musikk til stjernehimmelen og universet.

Har universet sin eigen klang? Si eiga rytme? Musikarane vil skapa klangar med bruk av tradisjonelle, så vel som meir eksotiske instrument og stemmer.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Marie Kristin Dale  kalla MK frå tidleg alder byrja å spela gitar då ho var 13, for broren hennar hadde ein. Ho stal gitaren hans og ville bli like god som storebror. Med bandet sitt MKs Marvellous Medicine fekk ho Spellemannsprisen i 2017 i kategorien blues.

Jørgen Sandvik har vore medlem av bandet Real Ones i meir enn 20 år. I tillegg har han i sitt eige bluesband, Permanent Vacation. Han har ofte bidratt på innspillingar til m.a. Inger Lise Størksen, Sigrid Moldestad, Gabriel Fliflet og Ole Paus.

Helen Eriksen debuterte som soloartist  med eige materiale og hiphopmeister Tommy Tee som produsent på den legendariske amerikanske jazz-etiketten Blue Note Records i 1996. Ho er låtskriver, saxofonist, songar, arrangør, tekstskapar og studiofreak.