Tilbake
Jens A. Larsen Aas (ill.)
Skriv ut

En bror for mye - v19

Linde fortel litt om seg sjølv og det ho driv med. Så les ho frå romanen "En bror for mye". Boka handlar om Sara som er ni år og som lever eit fint liv med mamma, pappa og storesyster Emilie. Men ein dag skjer det noko som skal forandre alt. Noko som skal øydeleggje det som var fint før. Sara orkar ikkje at alt det fine skal bli borte. Men kva kan ho gjere? Det er då hun kjem på sin geniale plan.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Linde Hagerup

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Linde Hagerup var berre sytten år då ho kom inn på Skrivekunstakademiet i Bergen, som ei av dei yngste nokon gong. I 2008 debuterte ho som barnebokforfattar med diktsamling "Verdens største gorilla og andre rim".  I 2016 kom "En bror for mye", som tar for seg fosterheimsproblematikk sett fra eit barns ståstad. Boka fekk svært gode omtalar. Linde held skrivekurs for 5-7 trinn og for elevar i den vidaregåande skulen.