Tilbake
Frå "Nowhere to hide"
Frå "Nowhere to hide"
Ten Thousand Images AS
Ten Tousand Images AS
Skriv ut

Nowhere to hide

Amanda‐prisen for beste dokumentar i 2017

"Nowhere to Hide" følgjer den unge sjukepleiaren Nori Sharif gjennom fem år i dramatisk endring og gir ein unik tilgang til eitt av verdas farlegaste og mest utilgjengelege område ‐ "dødens triangel" i Sentral‐Irak.

Han startar med å filme historiane til overlevande. Han formidlar håpet om ei betre framtid etter den amerikanske tilbaketrekkinga frå Irak i 2011, men opplever sjølv å bli fanga mellom IS og ulike irakiske militsgrupper. Han må berge sin eigen familie. Når han blir tvinga til å flykte frå sin heim for å overleve denne "nye krigen" kor fienden er usynleg, og det ikkje finst stader å gøyme seg, snur han kameraet mot seg sjølv.

«Nowhere to Hide» hadde si verdspremiere under den prestisjetunge dokumentarfilmfestivalen IDFA i Amsterdam i november 2017. Filmen er kritikerrost og omtalt slik i Screen Daily: “Nowhere To Hide should be required viewing for anyone with an opinion about the refugee crisis.”

Ahmed ønskjer å snakke om krisa som finn stad i Irak i dag. Han vil skape samtale og drøfting med elevane om flyktningkrisa i lys av politikk, religiøs tru og samfunnsviktige problemstillingar.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Zaradacht Ahmed/Mette Cheng Munthe‐Kaas

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Zaradacht Ahmed er ein norsk‐kurdisk filmskapar. Hans siste film «Nowhere to Hide» har vunne fleire prestisjetunge internasjonale festivalar, i tillegg til Amanda‐prisen for beste dokumentar i 2017. Filmen vert no presentert på festivalar i heile verda. Hans tidlegare filmar inkluderer prisvinnaren «Veien til Diyarbakir» og «Fata Morgana». Zaradacht har lang erfaring med dokumentarfilm og har jobba mykje i Midtøsten, Nord-Afrika og Asia.