Tilbake
Prestgaard/Andersen
Prestgaard/Andersen
Prestgaard/Andersen
Skriv ut

Verken fugl eller fisk - i eit hav av plast - V21

Verken Fugl eller Fisk - i eit hav av plast 

- Søppel finst ikkje, berre ressursar på avveg.

Saman med elevane undersøkjer miljøkunstnarane Kari Prestgaard og Astor Andersen korleis plastsøppel påverkar livet i havet. Verkstaden vert leia av kunstnarane og varar 90 minutt, utan pause:

1. Etter ein introduksjon med lysbilete, video og samtalar vert elevane delt i fire grupper (25 minutt)

2. Gruppeoppgåva er å lage ein fugl eller ein fisk med plastbitar på kvar sin overhead-projektor. Elevane får rettleiing av formidlarane (25 minutt)

3. Elevarbeida vert fotodokumentert av formidlarane

4. Prestgaard og Andersen viser lysbilete av typiske plastobjekt som finst i havet og på strender, og samtalar med elevane om kor desse objekta kjem frå og kva som kan gjerast for å redusere plastforsøpling (20 minutt)

5. Til slutt ei framsyning av dagens fuglar og fiskar som lysbilete (20 minutt)

Lærarar og tilsette ved skulen oppmodast til aktiv deltaking. 

Smittevern
Verkstaden er korta ned frå 120 til 90 minutt og tilpassa gult nivå med naudsynte smitteverntiltak:

  • Elevane spritar hendene før og etter bruk av apparat og materialar
  • Formidlarane har på seg munnbind og spritar hendene
  • Alle materialar som elevane nyttar er vaska og desinfisert
  • Teknisk utstyr vert vaska og desinfisert fleire gonger dagleg

Lærarrettleiing

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Idé/ opplegg: Prestgaard/Andersen.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Kari Prestgaard er biletkunstnar og pedagog, Astor Andersen er biletkunstnar og AV-teknikar. Dei har turnert i DKS sidan 2013.