Tilbake
Skriv ut

Thor Soltvedt

Thor Soltvedt er lærar på yrkesskulen i Bergen, og underviser også fangar i Bergen fengsel i å skrive og uttrykkje seg. Soltvedt skriv mest om born og unge som hamnar på ”skråplanet”. Emne i bøkene hans er m.a. ungdomskriminelle, hyperaktive og ungdom som har problem med stamming.

Soltvedt uttala i eit intervju i Bergens Tidende at han er svak for problemungdom. Han seier: ”Her handler det om ungdom uten ballast og uten kart og kompass. Utad er de store i kjeften, men bak masken sliter de med sine problemer. Disse bøkene er min hyllest til dem, til disse guttene som lærerne skyr og alle syns er drittsekker. Jeg prøver å vise dem at man kan greie seg bra her i livet selv om man har hatt en vanskelig barndom.”

Bøker utgitt av Thor Soltvedt:

Historien om Glenn Anton, Glenn Anton og Tassen, Tatovørene: Glenn Anton og Tassen. Fotballfrelst!, Tretti linjer om dagen: HyPers bok, og Glenn Antologien: Gluntens antologi over grafitti & folkelige utrykksformer.

Thor Soltvedt ynskjer at elevane har lese ”Historien om Glenn Anton” og ”Fotballfrelst” på førehand.

Mål:    

- Skape eit møte mellom forfattar og elevar der elevane kan oppleve formidling av ein tekst direkte frå forfattaren.

- Få til ein dialog mellom forfattar og mottakarar.

- Gje elevane kunnskap om kva som ligg bak utgjeving av ein litterær tekst.

Læreplanmål

Bakgrunn i læreplan og skulane sine årsplanar:

Kunnskapsløftet sin læreplan i norsk med hovudområder innan munnlege tekstar, skriftlege tekstar, samansette tekstar og språk og kultur.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Voss