Tilbake
Skriv ut

Per Sivle og forteljarverkstad

Tilbodet omfattar to dobbelttimar, og dei skulane som har klassar som går ilag med 4. får tilbod til heile gruppa. Elevane får oppleva forteljartradisjonen formidla på ein levande og uttrykksfull måte. Elevane lagar eigne munnlege forteljingar ut frå gitte rammer

1. dobbelttime: Astri Sudmann kjem til skulen, lagar eit forteljarrom i klasserommet. Tema: Per Sivle, forteljingar - Fante-Nils, Berre ein hund.

2. dobbelttime: Forteljarverkstad. Elevane tek aktivt del sjølve. Enten ved forteljarstafett, eller ved å få utdelt gjenstandar som dei diktar historiar rundt.

Astri lagar eit forteljarrom i klasserommet, der elevane sit på stolene sine i ein hestesko. Ho ynskjer at lærarane sit i ringen saman med elevane under forteljarverkstaden.

Læreplanmål

Språk og kultur

Faget norsk inneheld 4 hovudområde med kompetansemål innan alle områda. Måloppnåing på eit område utviklar samtidig kompetanse på dei andre. Faget er sentralt både i forhold til kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling.

Det er lagt vekt på at elevar skal utvikla ei sjølvstendig forståing av norsk språk og litteratur og innsikt i korleis språk og tekst har endra seg over tid og framleis er i endring. Elevane får utforska og oppleva både gode norske forfattarar og forfattarar frå verdslitteraturen.

Kompetansemål etter 4. årssteg:

Samhandla med andre gjennom leik, dramatisering, samtale og diskusjonar og praktiske reglar for gruppesamtale. Lesa skjønnlitteratur og fagtekstar for barn med flyt, samanheng og forståing. Kjenna att og bruka dei språklege verkemidla gjentaking, kontrast og enkle språklege bilete. Vurdera og samanlikna eigne og andre sine tekstar. Skriva forteljingar, dikt, brev og sakprega tekst. Ordna tekstar med overskrift, innleiing og avslutning. Beherska eit tilstrekkeleg ordforråd til å uttrykkja kunnskap, erfaring, opplevingar, kjensler og eigne meiningar. Samtala om eit utval songar, regler, dikt, forteljingar og eventyr frå fortid og notid på bokmål, nynorsk og i oversetningar frå samisk og andre kulturar. Uttrykka tankar om språk, personar og handlingar i tekstar frå dagleglivet og i skjønnlitterære tekstar frå ulike tider og kulturar

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Voss
  • Kunstnarar / grupper: Astri Sudmann