Tilbake
Skriv ut

Folkedans (Astri Sudmann og Arne Anderdal)

Dans er ein del av rørslekulturen vår og er med å utvikle eit allsidig rørslemønster, som er viktig for å fremje god helse. Elevane kan etter eigne føresetnadar oppleve meistring og meistringsglede. Samhandling er viktig i dansen. Lokal dans som Vossaspringar vil gje ei oppleving av vår lokale kulturarv.

Gjennomføring:

 Astri og Arne kjem til skulen, og møter elevane i gymsalen. Elevane vert fyrst samla og Astri fortel litt om kva som skal føregå.


Læreplanmål

Kunnskapsløftet:
Faget musikk inneheld 3 hovudområder med kompetansemål innan alle tre område. Måloppnåing på eit område utviklar samtidig kompetanse på dei andre.

Kompetansemål etter 4. og 7. årstrinn uttrykkjer at elevane skal kunne:
• Danse eit utval norske og internasjonale folkedansar (4. trinn)
• Framføre song, spel og dans i samhandling med andre
• Improvisere dans og rørsle og samtale om korleis dans kan illustrere eit musikalsk forløp.

• Beherske nokon norske dansar og dansar frå andre land (7.trinn)
• Delta i framføring med song, spel og dans der eigenkomponert musikk og dans inngår
• Uttrykkje eigne idear, tankar og følelsar gjennom rørsle og dans

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Voss
  • Kunstnarar / grupper: Astri Sudmann og Arne Anderdal