Tilbake
Skriv ut

Konzata og tryllefiolinen

Då nærmar det seg forestilling med Konzata og Distriktsmusikarane på Voss.

Me legg ved notar til ein liten voggesong som det kunne ha vore fint om elevane, eller nokre av dei, kunne øva inn på førehand. Det er ikkje noko ”must”, men det er alltid kjekt om dei kan syngja med på ein song!

 Konzata - eller Konzata Fiksfulius Skrekk Fermata, som hennar fulle namn lyder,er ei svært utriveleg trollkvinne som held til i den store eikeskogen like ved landsbyen der våre to heltar,Mirjam og Rami, bur. Dei er søsken og sauegjetarar. Snart er det tid for den store sommarfesten, og landsbyborna har hendene fulle med dansetrening og orkesterøving.

Det er berre det at Konzata hatar musikk, og ho hatar barn. Natta før sommarfesten er plutseleg alle musikkinstrumenta vekke. Mistanken rettar seg fort mot den nifse heksa. Utan instrument, ingen fest, og våre to venner dreg trøstig i veg innover i den store, mørke eikeskogen for å prøva å finna att instrumenta.

Meir skal me ikkje røpa, men at det går bra til slutt, og at alle får som fortent, ligg vel i korta.

"Konzata og den magiske fiolinen" passar best for dei to eldste årskulla i barnehagen og dei to yngste årskulla i barneskulen. Forestillinga inneheld både musikk, dans og drama, og borna vert på ein naturleg måte aktivert inn i songen og dansen.

Mykje av konserten går føre seg under den store sommarfesten i landsbyen der Konzata bur, så det er også ekstra moro om nokre av borna har lyst til å kle seg i sommarfestantrekk slik musikarane gjer, med sommarhattar eller –luer, sommarsjal, sommarkjolar, nistekorg og liknande.

Det vert litt aktivitetar i form av dans og ein marsj rundt i konsertlokalet, så me ynskjer at det er plass til dette (gymsal eller ekstra stort klasserom) og at det IKKJE vert sett ut stolar eller lagt ut matter, men at elevane sit direkte på golvet. Framsyninga er todelt:

1)Førebuingar og innøvingar til konserten saman med elevane, ca. 30 min.

2) Sjølve konserten, ca. 40 min.
Mellom desse to delene treng me 15-20 min. riggetid. Det vil sei at me bereknar ca. 1 ½ time til forestillinga totalt.

Me treng:
Piano
Tilgang til garderobe. 
4 stolar.                                                                                                                                                                                            Ein pianokrakk eller liten skammel / lite, lågt bord.

Læreplanmål

Kompetansemål etter 2. årssteg, sjå Kunnskapsløftet:

Musisera
*Mål for opplæringa er at eleven skal kunna:
- Bruka stemmen variert i ulike styrkegrader og tonehøgder
- Improvisera enkle stemmer og rytmer etter gehør
- Delta i leikar med eit variert repertoar av songar, rim, reglar, songleikar og dansar
- Delta i framføring med song, samspel og dans.
Komponera
- Mål for opplæringa er at eleven skal kunna
- Setja saman musikalske grunnelement som klang, rytme, dynamikk og melodiske motiv til små    komposisjonar
- Utforska ulike musikalske uttrykk gjennom å improvisera med lyd og rørsle
Lytta
*Mål for opplæringa er at eleven skal kunna
- Samtala om musikken sin klang, melodi, rytme, dynamikk og tempo
- Gje uttrykk for opplevingar gjennom språk, dramatisering, dans og rørsle


Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Voss

Om kunstnar / utøvar / gruppe