Tilbake
Vidar Herre
Bjørn Furuseth
Emile Holba
Emile Holba
Skriv ut

Ismusikk v19

Terje Isungset er verdas einaste ismusikar, og musikken vert framført på verdas viktigaste ressurs: Vatn (men i frossen tilstand).

Velkomne til ei konsertoppleving av dei sjeldne!

Alle instrumenta er nemleg laga av heilt naturleg is! Isen er ferskvare og vart brukt under Icemusicfestival – Geilo. Instrumenta er laga av iskunstnaren Bill Covitz frå USA i samarbeid med Isungset.
Med lyssetjing, spesialdesigna video og surroundlyd vil publikum verte omfamna av isen si magiske verd…

Det er 18 år sidan Terje Isungset tok til å eksperimentere med lyden av is, og ismusikk. Icemusic er no blitt eit kjent omgrep i verdssamanheng, 8 CD-plater er gitt ut, og Terje har turnert i Russland, USA, Canada, Japan, Kina, Australia, Grønland, India og dei fleste europeiske land.

På Norsk TV så du kanskje Isungset under den store direktesendte 200-års feiringa frå Eidsvoll i februar 2014. Nyleg er Isungset si is-verd portrettert i 3 filmar (Canada/USA, Frankrike og Kina).
Han er òg hjernen bak  Icemusicfestival – Geilo.

Terje Isungset spelar på isofonar, isperkusjon, ishorn , istrommer og isringlar. Han har funne opp instrumenta og heile konseptet sjølve.

Dette er musikk på naturen sine premisser. – Det er isen og vinteren som avgjer korleis lyden, klangane og tonane blir. For å få god lyd på is-instrumenta, må isen vere både klar, gjennomskinleg og utan luftbobler. Noko is vil smelte under konserten, men Isungset sin isteknikar tar instrument inn og ut av scena undervegs for å hindre smelting.

Lærarrettleiing

Til lærarene

Terje Isungset og hans crew kjem til skulen 60 minutt før konserstart. Vi ber om at ein lærar er tilgjengeleg både før, under og etter konserten som isassistent. Vedkommande vert instruert av Terje sin isteknikar. Musikarane har med eigen kjølehengar, og det er naudsynt at han vert tilkobla straum under konserten. Vanleg 16. amp. Produksjonen treng òg bærehjelp før og etter konserten av 8 elevar.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Terje Isungset
  • Idé/ opplegg: Terje Isungset

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Medverkande:

Sjå meir om:
Terje Isungset og Ismusikk.

Døme frå ismusikkonsertar:
Tromsø 2014.
NRK fjernsyn 2012